Job Description
Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Målet i heimetenesta er å jobbe som eit lag. Respekt for kvarandres profesjonar er viktig. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet, og det er viktig å kunne vere seg sjølv blant kollegaer. Vi tek vare på kvarandre!
Vi søker sjukepleiar/helsefagarbeidar til heimetenesta på natt. Vi ynskjer oss ein sjukepleiar/helsefagarbeidar som er serviceinnstilt, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, iniativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgå...