Sjukepleiarstillingar

Helse Førde HF

førde, førde, Norway
Full-time
Posted June 11, 2026

Job Description

**Kom og bli med! Vi har behov for fleire positive og engasjerte tilsette med oss på laget.**
**Vi lyser ut følgjande stillingar**:
- 3 faste stillingar for sjukepleiarar
- 2 årsvikariat for sjukepleiarar
**Oppstart**: snarast eller etter avtale
Nevrologi
- og rehabilitering sengepost held til i det nye og flotte LIVA-bygget som vi flytta inn i hausten 2024. Her har vi 26 einerom med moderne fasilitetar.
Sengeposten vår består av 13 nevrologisenger, der to av desse er overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Rehabilitering er eit satsingsområde og har i dag 8 senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer og opptrening etter amputasjon.
Dette er ein svært spennande og lærerik arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling innan mange ulike fagfelt, spesielt nevrologi og rehabilitering.
Frå november 2025 vil også 5 medisinske senger bli lokalisert hjå oss, noko vi ser fra...