Skulebibliotekar

Sveio kommune

sveio kommune, sveio kommune, Norway
Full-time
Posted June 09, 2026

Job Description

Om stillingaSveio folkebibliotek er eit bibliotek som er både folkebibliotek og skulebibliotek i Sveio kommune. Me er ein sentral del av læringsmiljøet på skulen, og me søkjer ein/ei engasjert og dyktig bibliotektilsett som kan vere med å utvikla og drifta biblioteket vårt. Me er 2 tilsette i 100% og ønskjer deg til å vere med på å gjennomføra prosjektet: «Skule+skulebibliotek+folkebibliotek=Lesedugleik». Sveio kommune legg stor vekt på å auka leselysten til barn.
**Me søkjer skulebibliotekar/ bibliotekar / formidlar**
Sveio folkebibliotek har ein ledig stilling som skulebibliotekar/bibliotekar/formidlar, arbeidsstad vil vere på Vigdartun og rundt på barneskulane i Sveio kommune.
Me ønskjer deg som set pris på ulikheitar og forstår korleis bakgrunn og kultur har noko å sei i møter mellom menneskjer. Du har god kunnskap om litteratur og andre kulturuttrykk, er ein engasjert formidlar og kan tilretteleggje for samlande aktivitetar og arrangement. Mange av våre besøkjande er barn...