Spesialbioingeniør Ved Biobank Haukeland

Haukeland Universitetssjukehus

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 16, 2026

Job Description

Om stillingaBiobank Haukeland er ein sjølvstendig seksjon i Laboratorieklinikken som tilbyr biobanking og forskingsstøtte ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen samarbeider tett med dei andre avdelingane i Laboratorieklinikken, og saman leverer vi ei heilskapleg løysing for forskingsstøtte, prosjektarbeid og biobanking integrert i sjukehuslogistikken. Seksjonen har 9 tilsette med høg fagleg kompetanse og har nå eit ledig vikariat frå - .
Biobank Haukeland har ein moderne utstyrspark for biobanking, med mellom anna automatisert prøvefordeling og ein automatisert lagringseining med plass til meir enn 2 millionar biobankprøvar. Vi har mange samarbeidspartnarar, både internt i sjukehuset og eksternt, og deltar i det nasjonale konsortiet for biobanker, Biobank Norge. Vårt mål er optimal prøvekvalitet på forskingsprøvar og forskingsanalysar ved å tilby forskarar rådgjeving, tilrettelegging, prøvehandtering og lagring av biologisk materiale. I 2023 blei det utført meir enn 45 000...