Stipendiat i Henrik Ibsens forfattarskap

Universitetet i Bergen

bergen, vestland, Norway
Full-time
Posted June 11, 2026

Job Description

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i Henrik Ibsens forfattarskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Planlagd oppstart er eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Stillinga opnar for søknadar om prosjekt om Henrik Ibsens forfattarskap. Prosjektet skal munne ut i ei doktorgrad i anten teatervitskap, nordisk litteraturvitskap eller allmenn litteraturvitskap. Prosjektet skal vere plassert med omsyn til fagområde. I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.

Institutt for litterære, lingvistiske og estet...