Studiekonsulent (Seniorkonsulent) - Vikariat

Universitetet i Bergen

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 10, 2026

Job Description

Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Studiekonsulent (seniorkonsulent) - vikariat
Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen søkjer ein engasjert studiekonsulent (seniorkonsulent) til eit vikariat. Hos oss får du ein sentral rolle i å sikre gode studieløp for studentane våre - og bidra til at morgondagens forskarar og teknologar lykkast.
Vi ønskjer oppstart innan 1. april 2026. Varigheita er litt over eit år (tentativt ut juni 2027), med moglegheit for forlenging.
**Om instituttet**
Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er ein plass der nysgjerrigheit møter nytenking. Her forskar og underviser vi på alt frå klassisk fysikk til framtidsretta teknologi innan energi, hav og berekraft. Vi utdannar kandi...