Job Description

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video:

Rådgjevar

Vil du ha ei sentral rolle i utvikling og bruk av digitale system i eit kunstfagleg fakultet med eit praksisnært lærings- og arbeidsmiljø?

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen er det ledig 100 % fast stilling som system- og prosesskoordinator (rådgjevar) i Studieseksjonen.

KMD er eit fakultet med komplekse og praksisnære studieprosessar innan kunst, musikk og design. Dette stillar særlege krav til korleis digitale løysingar blir utvikla, innførte og nytta i organisasjonen. Vi søkjer ein systemkoordinator som ønskjer å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, organisasjon og fagleg ...