Tenesteleiar/rektor

Personalhuset Staffing Group

Arendal, Västra Götaland County, Sweden
Full-time
Posted June 08, 2026

Job Description

Vil du leie ein framtidsretta skule i spektakulære omgjevnader – med stort handlingsrom, tett samarbeid og høg trivsel?

Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein liten skule med store moglegheiter, tett på elevar, tilsette og lokalsamfunn. Som rektor ved Fjellgardane skule får du ei synleg og viktig leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen og lokalmiljøet.

Om stillinga

Fjellgardane skule ligg på Hovden, øverst i vakre Setesdal, og er ein 1.–7. skule med litt over 40 elevar og 15 tilsette. Skulen har eit trygt og inkluderande læringsmiljø, engasjerte tilsette og tett kontakt med lokalsamfunnet. Vi ønsker ein rektor som vil utvikle vidare det gode fagmiljøet og styrke arbeidet med læring, trivsel og samarbeid – til beste for elevane våre. Du blir ein del av eit tett og godt samarbeid med barnehageleiar, kultur- og fritidsleiar og kommunalsjef.

Kvifor velje Fjellgardane skule?