Trygg og pålitelig assistent søkes til 22 år gammel jente
Veronica Norevik-Johnsen
Job Description
Kva er BPA?
Brukarstyrt Personleg Assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere tenestene praktisk og personleg bistand på for menneske med nedsett funksjonsevne. BPA er eit likestillings- og frigjeringsverktøy, og gjennom bistand frå eigne assistentar blir det lagt til rette for at personar med bistandsbehov får eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig liv.
Om meg og mitt behov
Stilling ledig for BPA i turnus morgon, ettermiddag, kveld og helg, hjå ei jente på 22 år i jenta sin heim på Evanger, vest for Voss sentrum. Mogelegheit for opptil 80% stilling. Det kan vera aktuelt med døgnvakter ved einskilde høve. Tiltreding etter avtale.
Jenta bur heime hjå familien, og skal kunne bu der uten å trenge hjelp frå mor og sysken, men med høve til å vera i lag med dei etter ynskje. Som assistent kjem du også til å bli kjend med familien og med eit hus med mykje liv og røre. Arbeidsspråk kan vera norsk eller engelsk.
Jenta treng rettleiing o...