Vernepleiar

Helse Førde HF

førde, førde, Norway
Full-time
Posted June 05, 2026

Job Description

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med augeblikkeleg hjelp plikt. Avdelinga har omlag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
**Psykiatrisk klinikk sikkerheit** består av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 10 pasientar ute i eigen bustad/tiltak.
I tillegg til å gi psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samst...