Vi Søker Barnehageassistent

Haukeland Universitetssjukehus

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 11, 2026

Job Description

Om stillinga
Vi søker deg som er glad i barn og praktiske oppgåver. Du ønsker å gjere kvardagen til barna i barnehagen trygg og stabil. Ved å tilsette eigne vikarar, ønsker vi at barna i barnehagane våre i størst mogleg grad skal treffe tilsette som dei kjenner, og som er motivert til å jobbe med barna si utvikling og læring.
Helse Bergen har eit eige Bemanningssenter som leverer eigne vikarar, både innan helsetenester og driftstekniske tenester. Bemanningssenteret har no ledig 1 fast stilling i 100% som barnehageassistent. Stillinga inneber at ein ved behov skal arbeide ved alle dei 4 barnehagane til sjukehuset.
Den som blir tilsett må pårekne vakter med ulike start
- og sluttider. Tidlegaste start er 06.45 og seinaste slutt er 17.00. Vi ser etter deg som likar varierte arbeidsoppgåver og har erfaring frå barnehage. Vi søker deg som set store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Samhandling med tilsette og barn krev gode norskkunnskapar og gode kommunikasj...