Vi søkjer rådgjevar

Wenche Kvistad Aalhus

ørsta, møre og romsdal, Norway
Full-time
Posted June 06, 2026

Job Description

Vil du ha ei variert rolle der du får bruke både fagkompetansen og evna di til å skape god flyt i kvardagen? Vi søkjer no ein fleksibel og engasjert medarbeidar som trivst med eit breitt spekter av oppgåver og ønskjer å bidra til eit velfungerande kontor.

I denne stillinga vil du ha ei sentral rolle i fleire delar av avdelinga vår. Du vil bidra i tenesteproduksjonen og få oppgåver som rettleiing til helseaktørar via telefon og e-post, og/eller knytt til førebyggande informasjons- og analysearbeid. Arbeidskvardagen er variert, og du må trivast med å skifte mellom ulike oppgåver og roller.

Du vil vere ein viktig servicefunksjon på kontoret og bidra med støtte i bruk og utvikling av dei digitale verktøya vi nyttar i kvardagen. Det er derfor avgjerande at du har god kompetanse i M365-universet og likar å hjelpe andre med å finne gode løysingar.

Stillinga er støttefunksjon for seksjonssjef innan beredskap, bemanningsplanlegging og arbeid med å sikre god...