Vikariat Som Rådgjevar/seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 12, 2026

Job Description

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vikariat som rådgjevar/seniorkonsulent ved Holbergprisen
Vi søkjer etter ein kollega til Holbergprisens sekretariat, til ei sentral og sjølvstendig stilling med ansvar for å arrangementsavvikling, arbeid med kommunikasjon og informasjon i ulike kanalar, kontakt med eksterne leverandørar og interessentar, samt anna administrativt arbeid ved Holbergprisen. Stillinga er eit 100% vikariat med varigheit frå 15. oktober til 15. juni.
Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Forutan sjølve Holbergprisen, administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen, som er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i vid...