Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell- – Fast stilling som assistent med utvida[...]

Lola Amèlie Martinez Aasen

volda, møre og romsdal, Norway
Full-time
Posted June 06, 2026

Job Description

Eg er ei vaksen dame som no ser etter ein triveleg og påliteleg BPA-assistent som kan bli ein viktig del av kvardagen min. Eg likar godt å leve eit roleg og innhaldsrikt liv, både heime og ute blant folk. Heime trivst eg med plantane mine og å stelle litt i hus og heim. Samstundes er eg glad i musikk, og eg set stor pris på konsertar og andre kulturelle arrangement.

I denne faste stillinga ynskjer eg meg ein person som både har godt humør, er sjølvstendig, og som kan bidra til at kvardagen min blir trygg, sosial og fleksibel. Du vil ha utvida ansvar , noko som betyr at du tek vare på assistansegarantien for min assistanseordning og kan stille dersom andre assistentar blir sjuke. Difor er det ein stor fordel om du er fleksibel, løysingsorientert og trivst med å ha ekstra ansvar.

Om stillinga:

  • Stillingsstorleiken er om lag 50 %.
  • Stillinga har leiaransvar med assistansegaranti og bemanningsansvar.

Arbeidsoppgåvene kan...