Job Description

Arbeidsstad

Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Hellemyra er eitt av våre ni bufellesskap. Hellemyra bufellesskap ligg i Eikelandsosen på Fusasida i kommunen.

Bufellesskapet har 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov og i tillegg har avdelinga ansvar for oppfølging av heimebuande brukarar i nærområdet. Tenestene er i tråd med gjeldande lovverk, vedtak og faglege retningsliner. Vi legg vekt på kvalitet, brukarmedverknad og respekt for den enkelte sin integritet og sjølvbestemming. Vi tilbyr ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar og høve til å bidra til utvikling av gode tenester. Du vil arbeide med mennesker, med nedsett funksjonsevne, som har behov for trygge, kompetente og stabile rammer og vi har fokus på målretta miljøterapeutisk arbeid, relasjonsbygging og fagleg utvikling.

Stillinga er i turnus med arbeidshelg kvar 4. helg (m/ mulighet for langvakter).

Arbeidsoppgåver ...