Vil Du Jobbe Med Sakshandsaming Innan Gjeld?

Politiet

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 09, 2026

Job Description

**Vil du jobbe med sakshandsaming innan gjeld? **FSR-Gjeldsseksjonen, Vest politidistrikt**:
**Om stillinga**:
I Vest politidistrikt er det ledig ein eller fleire faste stillingar som seniorkonsulent SKO 1363 ved Felles eining for sivil rettspleie (FSR), seksjon for gjeld.
Namsfogden i Bergen er ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi og innkrevjing. Felles eining for sivil rettspleie (FSR) har fagansvar for sivil rettspleie i Bergen og i Vest politidistrikt. Eininga består av fire seksjonar, og har om lag 60 tilsette. Seksjon for gjeld har for tida 11 fast tilsette og to mellombels tilsette i eit restansenedbyggingsprosjekt. Seksjonen har tilsette med stor spreiing i alder og erfaring, og er prega av eit godt arbeidsmiljø.
Det vil stillast høge krav til produksjon, og den rette kandidaten må vere heilskapsorientert og ha evne til å raskt tileigne seg kunnskap om aktuelt regelverk. Stillingane har stor kontaktflate inte...