Job Description
Vil du vere ein viktig vaksen i ungdommar sin kvardag?
Vil du vere ein viktig vaksen i ungdommar sin kvardag – og bidra til meistring, trivsel og inkludering?
Os ungdomsskule har ledig:
- Inntil 2 x 78 % engasjement som barne- og ungdomsarbeidar
- Inntil 1 x 78% engasjement som miljøterapeut
Stillingane gjeld for skuleåret 2026/2027.
Vi ser etter deg som brenn for å arbeide med ungdom, og som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø – der alle elevar får oppleve meistring og tilhøyrsle.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø som jobbar målretta med skuleutvikling, relasjonsbygging og livsmeistring for elevane våre.
Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har om lag 70 tilsette og 485 elevar, fordelte på 5–6 klassar per trinn. Skulen arbeider etter verdiane meistring, tryggleik og anerkjenning, og har eit sterkt ...