Vitskapleg Assistent - Centre for Research On Discretion and Paternalism (Dipa)

Universitetet i Bergen

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 05, 2026

Job Description

UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent tilknytt Institutt for politikk og forvaltning og Centre for Research on Discretion and Paternalism
Det er ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent tilknytt Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA), eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter ved Institutt for politikk og forvaltning, med ei varigheit på 12 månader. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Senteret adresserer eit av kjernespørsmåla innanfor samfunnsvitskapen, nemleg relasjonen mellom stat og individ. Gjennom ulike prosjekt blir beslutningstaking, legitimitet og maktbruk i velferdsstaten undersøkt. Dei pågåande forskingsprosjekta som ligg til senteret omhandlar særleg barns vilkår i samfunnet og kom...